Himalayavenn Himalayapartner Abonnent
   Meny
 Hovedside
 Støtt Tibetmisjonen
 Alternative gaver
 Om Tibetmisjonen
 Arbeid i Himalaya
 Arbeid i Norge
 Engasjer deg
 Ungdom
 Nyheter
 -Nyheter fra Norge
 -Nyheter fra Nepal
 -Nyheter fra Kina
 -Nyhetsarkiv
 Kalender
 Ukas preken
 Takk og be
 Kontakt oss
 Eksterne linker
 Dagens bibelord
 Ressurser
 Information in English
   Søk
   Les Tibetaneren
  Nyhetsoversikt
Diakoni i praksis

Eg er på veg til Sathi Sewa som betyr venneteneste. Har høyrt at det er ei lita kyrkja som driv diakonalt arbeid.

Av Ragnhild Skeie, utsending til Nepal

Etter støvete, krokete stiar, står eg til slutt framfor ein rusten metallport. Eg bankar på og ventar spent, høyrer at det er folk innanfor. Eit smilande fjes dukkar opp i porten ”Jay Masi didi” (dei kristne helsar kvarandre med Jay Masi – Kristus har sigra - istaden for namaste).


Plass til mange

I sola inne på gardsplassen ligg ein gut med gipsa fot opp til livet, ei ung mor sit med ein liten baby som ligg slapt i fanget hennar. Ved sida av sit ein mann i rullestol, på bakken ligg eit par krykkjer. Det er tydeleg at her er det plass til mange trengjande. ”Welcome” ein ung strålande gut helsar oss på engelsk. Eg har med meg 4 ferske studentar frå Norge, så det passar bra med litt meir attkjennande gloser enn nepalsk. Han fortell ivrig om senteret me befinn oss på.

Mor mi
Ein mann i rullestol kjem inn i lag med ei ung dame med ei spesiell utstråling. ”Her er Goma, mor mi, ho var berre 15 då eg kom til verda. Det er difor ho ser ut som søster mi” ler han, ”og far min i rullestolen datt ned frå eit tre 1 mnd før eg var fødd. Alt det eg kan om omsorg har eg lært frå desse to, eg trong ingen bibelskule, eg såg i min eigen heim kva kristen omsorg betyr i praksis. Faren blei lam etter fallet og blei på sjukehus i 3 mnd.

Betre helse
Her blei han kristen, fekk hjelp til å koma seg til Kathmandu der han lærte seg eit yrke og klarte å underhalda seg og familien. Etter kvart vaks visjonen om å hjelpa andre i liknande situasjon fram, ein visjon om å visa Guds kjærleik ved å hjelpa hjelpelause til eit nytt liv. Det er mange som driv hjelpearbeid, me ynskjer å gje håp i tillegg til helse. Av dei som kjem til oss er det 50 % som reiser heim att døypte og med eit helbreda hjarta i tillegg til betre helse.

Tek imot alle
For oss er det viktig at dei får med seg begge deler. Det er hardt arbeid og lite tid til ferie. Me hentar folk på flyplassen eller på busstasjonen til alle tider på døgnet. Folk blir sende inn frå sjukehusa som misjonen driv i Tansen i vest og Okhaldhunga i aust. For ein frå landsbyen er det vanskeleg å koma til ein storby som Kathmandu – og ikkje minst dyrt. Me tek imot alle, same kva bakgrunn dei har.

Vannansamling i hovudet
Velsigninga denne veka er ein gut som nett er operert. Han kom i lag med mor si for nokre dagar sidan. Han hadde vannansamling i hovudet og nakken, legane meinte det var risikabelt med operasjon. Mora var naturleg nok veldig bekymra, heime i landsbyen ventar ei 8 år gamal dotter som bur hjå naboar. Faren er død av kreft. No er det desse tre – eller snart berre 2? Guten har ikkje i tanke at han skal døy slik dokteren spår.

Den store doktoren
På sjukehuset går guten frå seng til seng og fortel dei andre om Jesus – den store dokteren. Då Goma kjem på besøk vinkar dei på henne frå mange senger: ”Du må be for oss og”. Ein liten aktiv misjonær har gjort inntrykk. Operasjonsdagen er der, mora er frå seg av bekymring, ”de må bedøva mor mi før de tek meg til operasjonen elles kjem ho til å døy”, seier guten 

Ikkje gråt mor
Legen har sagt at han vil vera 5 dagar i koma etter operasjonen. ”Ikkje gråt mor, kl 4 i ettermiddag er eg vaken igjen.” Om natta hadde han ein draum der han stod ved eit vatn. Mora var livredd for vatnet, men han drøymer at han kastar seg uti. Han fortel til Goma og spør ”kva trur du det betyr?”. Ho ser det med det same og seier til guten: ”Gud sjølv har døypt deg, du kan trygt leggja deg på operasjonsbordet.” Kl 5 om ettermiddagen vaknar guten, og alt ser bra ut.

Ein spesiell gut
Tårene renn på oss som høyrer. Eg treffer den unge mora på gardsplassen og spør etter guten. Ho viser veg. Eit smilande fjes på ei enkel seng, ”han passar på at eg ikkje tek til tårene,” seier ho. Eg pratar med han og merkar at det er ein spesiell gut. ”Han blir glad viss du ber for han” seier mora. Eg legg hendene på han og takkar for at me har ein felles Far som høyrer oss.

I dag har eg sett diakoni i praksis, både studentane og eg er litt stille når me går heim. Det har vore eit sterkt møte med menneske som har ein brann etter å hjelpa, til å reisa opp menneske både fysisk og åndeleg.
 

Du kan støtta arbeidet i Nepal ved å gi til Tibetmisjonen.
konto: 3000 15 47107

Les mer om Tibetmisjonens helsearbeid her


[skrevet:19.11.09]





   Annonser
Landsmøte 2010
gratis i tre uker
   Hva skjer?
26.07.10
Sommer: Ungdom
28.07.10
Sommer: UngeVoksne
29.07.10
Landsmøte 2010
03.08.10
Misjon og Mosjon
07.09.10
Edinburgh 2010
10.09.10
Å sette mennesker fri
18.09.10
Å sette mennesker fri

Webansvarlig:Bjørn Lyngroth | Tibetmisjonen, Postboks 6646, St. Olavs Plass 0129 OSLO. | E–post:post@tibetmisjonen.no

Kontonummer:3000 15 47107          admin   cpanel