Himalayavenn Himalayapartner Abonnent
   Meny
 Hovedside
 Støtt HimalPartner
 Alternative gaver
 Om HimalPartner
 Arbeid i Himalaya
 Arbeid i Norge
 Engasjer deg
 Ungdom
 Nyheter
 -Nyheter fra Norge
 -Nyheter fra Nepal
 -Nyheter fra Kina
 -Nyhetsarkiv
 Kalender
 Ukas preken
 Takk og be
 Kontakt oss
 Eksterne linker
 Dagens bibelord
 Ressurser
 Information in English
   Søk
   Les Tibetaneren
  Nyhetsoversikt
Alle velsigningane

Laurdag er gudstenestedag i Kathmandu. Når me nærmar oss kyrkja høyrest lovsong frå dei opne vindaugo.




Julehelsing frå Ragnhild og Tore, utsendingar til Nepal for Tibetmisjonen

Ved inngangen møter me to politikonstablar, me stussa litt fyrste gongen. Seinare har me skjøna at etter eksplosjonen i den katolske kyrkja i mai 2009, har dei større kyrkjene hatt vakt under gudstenestene.

I den største kyrkja her, Patan, må alle visa fram veskene sine og undersøkjast med metalldetektor før ein slepp inn. Jfr. våpenhuset heime – Tenkjer litt på tidlegare tider og minnest då me gjekk omvegar for å unngå merksemd frå politiet, tenkjer på dei som vart fengsla og sat fleire år inne for trua si. No er det politiet som passar på oss. Ting har endra seg her!

Vel inne i kyrkja lyder det ”Jay masi” (”Kristus har sigra,” brukt av kristne i staden for namaste). Bakerst i kyrkja er det ei stolrekkje som er reservert for slike som oss, som har vanskar med å krølla føtene under seg og synast at det er behageleg å sitja slik i to timar.

Litt etter litt fyllest teppa på golvet, kvinnene på eine sida og mennene på andre. Eg har med meg ei som er sjuk, ho er ikkje den einaste. Ein kjem med urinpose hengande i eit tørkle på eine sida. Han har kreft, men har utruleg nok overlevd lengre enn nokon skulle tru. Han takkar for forbøn.

Litt etter kjem ein som nesten ikkje kan gå. Borna og kona hjelper han på plass i ein stol, sonen turkar sveitten frå panna  hans. Etter han kjem ein gammal mann haltande. Han har tydelegvis hatt slag. Han og kona finn seg ein plass på golvet. Det heile blir litt sterkt. Det er slik det må ha vore rundt Jesus der han for fram. Mange av dei som har funne vegen til kyrkja i dag, ville halde seg heime i våre samanhengar og venta på betre dagar.

Eit stykke uti samlinga blir dei sjuke oppmoda om å koma fram, det er tid for forbøn – eit fast innslag i gudstenesta. Mange reiser seg, går fram og set i ein ring framfor den som ber; ”takk Gud for at du bar våre sjukdomar, takk for at du er den store legen...” Eg tenkjer at me har ein del å læra om å ta Gud på ordet. Behovet for forbøn for sjuke er så stort at det blir arrangert eigne bønesamlingar rundt om i byen slik at det ikkje skal ta opp all tid i gudstenesta.

Sjukdom legg ingen dempar på lovsongen. Ei gruppe ungdomar leiar, akkompagnert av piano, gitar og trommer av diverse slag. Forsamlinga klappar taktfast til, nokre løfter hender, songen stig mot taket – lovsong til Han som er nær, som hjelper sjuke, som bryr seg der alle andre sviktar.

Me er veldig glade i gudstenesta heime, men kjenner at dette ikkje er noko dårleg byte. Kyrkja her kjempar med mange slag utfordringar. Milde gåver utanfrå har skapt splitting og fråfall, maktkamp og misunning, likevel er det ei levande kyrkje med ekte gudslengt der stadig nye vert lagt til.

Tenk på det når du går til julegudsteneste heime at du er del av ein verdensvid familie. Takk for alle velsigningane du har, kanskje må du leita litt bak glitteret før du ser dei, men dei er der – den største av alle er Han som kom og som lever.

Velsigna jul og eit godt nytt år.



Dersom du ynskjer å støtta arbeidet vårt i Nepal, kan du gi ei gåve til Tibetmisjonen på Kto.nr. 3000 15 47107


[skrevet:19.12.09]





   Annonser
HimalPartner
Twitter
Facebook
VinnReiseTilHimalaya
   Hva skjer?
07.09.10
Edinburgh 2010
10.09.10
Å sette mennesker fri
18.09.10
Å sette mennesker fri

Webansvarlig:Bjørn Lyngroth | Tibetmisjonen, Postboks 6646, St. Olavs Plass 0129 OSLO. | E–post:post@tibetmisjonen.no

Kontonummer:3000 15 47107          admin   cpanel