Himalayavenn Himalayapartner Abonnent
   Meny
 Hovedside
 Støtt Tibetmisjonen
 Alternative gaver
 Om Tibetmisjonen
 Arbeid i Himalaya
 Arbeid i Norge
 Engasjer deg
 Ungdom
 Nyheter
 -Nyheter fra Norge
 -Nyheter fra Nepal
 -Nyheter fra Kina
 -Nyhetsarkiv
 Kalender
 Ukas preken
 Takk og be
 Kontakt oss
 Eksterne linker
 Dagens bibelord
 Ressurser
 Information in English
   Søk
   Les Tibetaneren
  Nyhetsoversikt
Snu ein vond spiral

Ca. 7000 jenter blir årleg selt til bordell i India. Dei som arbeider tett på meiner ein kan addera på ein null.

Av Ragnhild Skeie, utsending til Nepal

Under eit raid mot eit bordell i India nyleg, viste det seg at 17 av 19 nepali jenter som blei henta ut, kom frå Nuwakot, eit område nord for Kathmandu. Her bur det hovedsakleg tamangar, og det er allment kjent at dei sel døtrene sine.

”Kva får ei mor, far eller bror til å selja jentene sine som eit dyr”, spør eg meg. Fokus på seminaret denne dagen var retta mot dette området. Det kom mange pastorar og andre derifrå og ein av pastorane gjorde særleg inntrykk.”

”Eg er tamang og er frå Nuwakot,” seier han, ”Eg er ikkje stolt over å sei det her i dag.”
Deretter fortel han historien om eit folk som har vore undertrykt og halde nede i fleire generasjonar. Tamangane er den største etniske gruppa i Nepal og bur for det meste mot nord. Sidan dei er mange, var det politisk frykt for at dei skulle ta makt. Det var difor viktig å halda dei nede og måtane å gjera det på har vore mange, fortel pastoren, som å gi dei rikeleg med brennevin og å sørja for at dei ikkje fekk utdanning

I Lalitpur (sør i Kathmandudalen) var det t.d. forrige år ikkje ein einaste tamang som hadde fullført SLC (10.klasse eksamen). Eg tenkjer på tamangjenta i bakgarden som arbeider som tenestejente for Newarfamilien vi leiger hjå. Ho har aldri fått gå på skule. Skal tru kva draumar ho har hatt om framtida. Tenkjer på mor hennar som har fødd 5 born, men berre 2 har vakse opp, tenkjer på det ho har fortalt om korleis ho la kumøk på babyen sitt brannsår fordi ho ikkje visste om noko anna.

Pastoren vekkjer meg frå tankane. Tamangane som opprinneleg var buddhistar blei tvinga til å ta hinduismen som religion, ingen fekk jobb utanfor Nepal og vanskeleg nok i Nepal. Det var eit mål å ikkje byggja skular i tamangområda. Manga skifta namn for å koma ut av undertrykkjinga, endå i dag er det mange som skjems av å sei at dei er tamangar.

Pastoren snakkar seg varm. Kva seier historien om undertrykte, utnytta folkegrupper – mange av desse vart tvinga til å selja seg sjølve for å overleva. Skjønar de litt meir av kva mitt folk har lev med gjennom mange år? La oss ikkje forbanna foreldra våre. Sjølv om skiftande regjeringar har utnytta og undertrykt oss på det grovaste er vi utvalt av Gud. Guds nåde er over oss. Be for Nuwakot og for folket der, avsluttar pastoren – og la oss arbeida for å berga jentene våre.

Vi er mange som har fått litt meir perspektiv over det som har skjedd og framleis skjer i dette området. Her er ein flokk som vil snu ein vond spiral, som ikkje godtek at unge jenter får livet sitt øydelagt medan ei lita gruppe omsynslause bakmenn fyller lommene sine med pengar. Berre det at så mange reiste den lange vegen for å delta, viser at det er engasjement - og håp for desse jentene.

Som misjon er vi engasjert i arbeid med å gi heimvende prostituerte nytt håp og menneskeverd. Følg denne lenke for å lesa om prosjektet.





[skrevet:08.02.10]





   Annonser
Landsmøte 2010
gratis i tre uker
   Hva skjer?
26.07.10
Sommer: Ungdom
28.07.10
Sommer: UngeVoksne
29.07.10
Landsmøte 2010
03.08.10
Misjon og Mosjon
07.09.10
Edinburgh 2010
10.09.10
Å sette mennesker fri
18.09.10
Å sette mennesker fri

Webansvarlig:Bjørn Lyngroth | Tibetmisjonen, Postboks 6646, St. Olavs Plass 0129 OSLO. | E–post:post@tibetmisjonen.no

Kontonummer:3000 15 47107          admin   cpanel